Nydeleg bestikkasse

Ein vakker bestikkasse har flytta inn i heimen vår og pyntar så flott opp på kjøkenbenken.

bestikk

Kassen er kjøpt på Joveli Living og har vore i heimen vår ei stund no, men endeleg har eg tid til å vise den fram. Det vakre Hardangerbestikket Nina bur i bestikkassen og er det bestikket me brukar til vanleg. Viss du ser godt etter kan du sjå at sølvskeia i sukkerskåla (som forresten var eitt kupp til 30 kr i ein bruktbutikk) er i mønsteret opphøyet rose som eg samlar på.

0154

Oppå den skjønne bestikkassen står og ein madonna med barn som også var eit kupp 30 kroner på brutkbutikken som ligg rett over gata. Her ligg skeier i Greengate sin Claire Multi og ein søt telyshaldar som skapar stemning når eg lagar mat på kjøkenet. Det er så koseleg å dille og dalle for å gjere det vakkert rundt seg!

01410

Over kassen heng ein flott plakat som er ein reproduksjon av eit gammalt motiv og ein hjarteranke på hjartestativ er prikken over i’en i bestikkassehjørnet på kjøkenet.

0202

Sjølv om ein slik kasse tar stor plass på kjøkenbenken, syns eg det er praktisk å ha bestikket så lett tilgjengeleg. Og med ei skuffe nederst er det og plass til serveringsbestikk som blir brukt til dagleg. Men viktigast av alt (i alle fall for meg) så er det så utruleg dekorativt med ein slik innretning på kjøkenet!

Ha ein flott dag mine vener!

Klem frå Anne<3

Bursdagsønske

På søndag fyller eg 22 år og herlegheit som tida fyk! Det kjennes som om 21 års dagen min var i går og det kan vel ikkje vere eit heilt år sidan sist påske? Nei, det er viktig å nyte dagane, spesielt når dei går så fort!

Sjølvsagt ynskjer eg meg saker og ting i år også og heilt øvst på lista står denne fantastiske tallerkenhylla frå Landstil. Eg har nemleg funne ut at småmøblar er tingen for å skape stemning når det skal flyttast heilt til Trondheim til hausten. Møblane i leilegheita i Bergen skal forhåpentligvis seljast og ein må jo byrje ein plass med nye møblar. Så hjelp det jo veldig at akkurat denne hylla er heilt nydeleg.

hylle

Også ynskjer eg meg Greengate sånn at eg slepp å drøyme om det om natta;) Her er nokre gode forslag:

claire-multi

Skjønn lattekopp i Claire Multi hadde vore midt i blinken. Denne kan eg drikke smoothie i, men den kan også brukast som blomsterpotte!

kopp1

Når det gjeld mitt forrige, litt besatte innlegg så takkar eg for gode svar på kva eg skal velje som jule(!!)servise. Eg har kome fram til at eg skal nytte det vakre Edmeserviset som eg samlar på, men at eg kan spe på med dei søte lattekoppane frå Greengate i mønsteret Spot Red. Perfekte til å ha gløgg i til jul og verkeleg ei perfekt gåve til meg:)

cup-dot-blueDei blå Greengatekoppane syns eg og er søte også så vakre med blomar i. Dei kan godt ligge innpakka på bursdagen min, ja!:)

vaskDesse vaskemiddelboksane frå Wallas Verden hadde skapa orden hos meg, og dei er så fine!

edme_lifestyle

Så ynskjer eg meg fleire delar til det flotte serviset eg samlar på, Edme. I år står serveringsfat og dei flotte dessertskålene på stett høgast på ynskjelista for eg byrjar etter kvart å få ei fin samling. Lønner seg å samle på servise frå Glassmagasinet som ofte har 50 % på varene sine veit de:)

paskeegg

Huff, det blei ikkje ei kort liste i år heller, det er alltid noko nytt for ei interiørdame å drøyme om! Mitt høgaste ønske for bursdagen min er likevel at dagen blir god og at fellesfeiringa av min kjære og meg i påsken med familiane våre blir koseleg.

PS! Påskeegga frå Jeanne d’Arc Living som Frk Lande sel er flotte og;)

Ha ein nydeleg marskveld!

Klem frå Anne<3

Jul i mars?

Det er rart kor rastlaus ein kan bli når ein er sjuk og har fått beskjed om å halde seg i ro. Eg er den fyrste til å innrømme at eg er som ein trassunge som ikkje vil ligge på sofaen når eg får beskjed om det, sjølv om det eigentleg er godt med avslapping innimellom. Men neida, eg vil slappe av når eg VIL slappe av og ikkje når eg MÅ. Nokon som kjenner seg igjen?

Bilete frå Greengate.dk

Bilete frå Greengate.dk

Poenget er i alle fall at når kroppen kviler så går hjernen på høggir og tankane flyr. Men no byrjer eg til å med å lure på meg sjølv fordi det som konstant kvernar inni hovudet mitt er kva juleservise eg skal samle på. “Kor høg feber har du eigentleg?” var min kjære sin sarkastiske bemerkning då eg spurte han om knallraudt servise med raude prikkar var litt for mykje for meg. Mitt svar var at han like godt kunne jatte med, noko han var med på med ein gong fordi han veit at eg ikkje klarar å få det ut av hovudet før eg har bestemt meg.

Så ber over med meg, kjære vener, når eg spør: Kva juleservise syns du eg skal samle på?

kopp

Eg heller mot dette vakre serviset frå Greengate, men er litt redd for at eg skal bli lei og at det blir litt valdsamt for ei sart sjel som meg. Det er ikkje tvil om at det er vakkert, men er det tidlaust?

fat

Eg var verkeleg sikker på at det var dette eg ville ha, men blei plutseleg i tvil. Har eg for mykje tid til å tenke? Kanskje, men eg vil vere heilt sikker i mitt val, det er jo som kjent ganske dyrt å kjøpe eit heilt Greengate-servise.

kopp2

I dag kom eg innpå tanken om å nytte denne fargen til jul i staden for. Naomi Beige frå Greengate er jo litt meir diskret og passar kanskje betre inn hos meg. Men her var min kjære heilt klar på at dette verkeleg ikkje var noko juleservise (eg elskar han sånn for at han argumenterer for og mot om eitt tema han ikkje kunne brydd seg mindre om!).

fat2

Har han rett? Blir det for lite julete? Huff, dette syns eg er vanskeleg og mitt problem er at eg blir så opphengt i det. Eg drøymer om det om natta og tok meg sjølv i å vakne opp med eitt “beige, beige!” når eg tok ein liten lur i stad. Kanskje treng eg profesjonell hjelp for å vere så besatt av julete ting i mars, ikkje veit eg, men det er så herleg når bitane til slutt fell på plass;)

servise

I tillegg har eg falt litt for Tilbords sitt mønster Holly og eg har allereie nokre grauttallerkar i dette. Syns likevel ikkje at koppane her er så fine, så trur eg skal avgrense meg til grautfat i denne serien. Det er altså kaffiservise til jul eg er ute etter no:)

Viss de har nokre forslag utanom dei som eg allereie tenker på så blir det motteke med takk, men akkurat no er det desse det står mellom. Hjelp meg! Hihi.

Ha ei fin-fin veke!

Klem frå Anne<3

På ei hylle på kjøkenet…

… står mitt nye vakre Greengate-servise.

0068

Claire Multi var som sagt ei tidleg bursdagsgåve frå min kjære og det er berre heilt nydeleg. Eg har no 12 asjettar, 12 kaffikoppar med fat, to skåler og to teskeier i mønsteret og eg er så nøgd! Me brukar det heile tida og ellers så står det og pyntar så flott på hylla over kjøkenvasken. Det er så utruleg dekorativt og eg kan ikkje sjå meg mett på det.

0058

Det er rart kor glad slike materielle ting kan gjere ein, men eg må innrømme at eg har drøymt om Greengate om natta og at eg tar turar innom kjøkenet berre for å sjå på serviset og smile. Mariusen min ler hjarteleg når eg seier “ååååå, det er så fint” kvar gong me skal ete eit måltid.

0104

Lattekoppen i Naomi Beige blei med meg heim frå min favorittinteriørbutikk, Fem Høns, då me var heime på Stord forrige helg. Eg som aldri drikk noko varmt har derimot funne ut kor vakre dei er med blomar i, her prydar ein hjarteranke hylla mi.

0029

Ellers så har eg no fullført praksisen i TV2 og eg hiv janteloven til side og proklamerer kor stolt eg er over meg sjølv. Det er inga betre kjensle i verda enn å kunne seie til seg sjølv at “eg klarte det”, til trass for alle hindringar på vegen!     Eg unnar verkeleg alle å kjenne på den kjensla innimellom for det fortener de!

0123

Ei strek i rekninga er at eg har klart å dra på meg ein irriterande lungebetennelse i kjølvatnet av to månaders jobbslit, så den neste veka skal eg tilbringe på sofaen med ei god bok, fjernsyn og pcen. Til trass for å vere sjuk og sliten kan eg ikkje slutte å smile, for eg kom meg over den største bøygen og eg kjem til å ha ein bachelorgrad til sommaren. I tillegg var TV2-jobben lærerik og utruleg gøy, noko eg ikkje hadde trudd eg skulle orke å kjenne på i det heile. Eg er så glad!

Ha ei herleg veke alle saman og våg å vere stolte over dykk sjølve!

Klem frå Anne<3

Til duk og dekka bord

0028

For nokre dagar sidan fekk me besøk av eit venepar som såg OL saman med oss. Det var så koseleg fordi me ikkje hadde sett kvarandre på lenge og kvelden var prega av latter og heiing. Bileta av det dekka bordet blei dessverre litt dårlege i det svake lyset, men eg syns at borddekkinga blei sommarleg og fin. Ein må late litt som når det er ein meter snø utanfor vindauget:)

0067

Bordet blei dekka med dei vakre Green Gate-asjettane, og vafler og vaniljehorn med melis stod på menyen.

00310

I helga skal min kjære og eg heim til foreldra mine og eg gler meg sånn til  å besøke dei vakraste interiørbutikkane i landet, Fem Høns og Frk Lande.

0087

I tillegg får eg endeleg opne pakken frå Låvebutikken med meir Green Gate! Den har stått uopna alt for lenge hos mamma og pappa no!

0018

Eg ser verkeleg fram til å besøke familie i helga, og så har eg store planar om å gå i barndomen og ake og leike i snøen med mi herlege veslesyster.

Håpar alle får ei fantastisk helg!

Klem frå Anne<3

All by myself…

For fyrste gong sidan me flytta inn i leilegheita for snart to år sidan, tilbringer eg helga utan min kjære. Han har reist til foreldra sine og eg har for tida ikkje overskot til å bli med. Alle krefter er no retta mot å fullføre praksisen, og det skal eg klare!:) Og sjølv om eg sjølvsagt saknar Mariusen min er det litt herleg å ha eitt par dagar kun i mitt eige selskap.

0039

I går rydda eg i interiørblada mine og satte mine favorittartiklar i ein svær perm, slik at eg kunne kaste ein del av den enorme bladbunken (Jeanne d’Arc Living-magasinet syns eg derimot var for fint til å klippe i, så dei blir tatt vare på). I dag skal eg fyre i peisen, tenne stearinlys, lese gjennom min nye perm og berre kose meg. I kveld blir den enda meir OL-heiing, og kanskje må ein skikkeleg jentefilm til og? I morgon kjem min kjære tilbake og eg gler meg allereie!

0017

Dagens bilete viser den fantastiske kyrkjekandelaberen som eg kjøpte i praksisgåve til meg sjølv frå Hjortgården i Sverige. Den er så fin og eg klarar nesten ikkje ta augo frå den! Den søte blomen på biletet over overraska min kjære meg med før han reiste, og eg berre smilar når eg ser på den. Det er verkeleg dei små tinga som betyr noko:)

00411

Eg syns det er godt å kjenne på at ein saknar nokon, for då får ein ei påminning om kor mykje personen betyr for ein. Difor er det kanskje viktig å vere borte frå kvarandre innimellom, slik at ein kan kjenne på desse kjenslene, og så blir det jo desto betre når ein ser kvarandre igjen.

No skal eg ete eit nydeleg Freia-påskeegg til dessert etter rundstykkefrukost. Denne dagen blir fin:)

Ha ei god helg saman med dykkar kjære, mine vener!

Klem frå Anne<3

Tusen takk!

Tusen takk til herlege Idun med denne bloggen for heile to awardar! Eg set stor pris på Idun og bloggen hennas, og det ligg alltid ein søt kommentar frå ho og ventar på bloggen min:) Du hadde lett fått desse awardane av meg, søte du! Den fyrste awarden ser slik ut:

award-rose

Med den andre awarden kom det ein koseleg utfordring som går ut på å skrive 10 ting som gjer ein glad. Eg elskar slike utfordringar og tar sjølvsagt imot!

happy101

10 ting som gjer meg glad for tida:

1. Mariusen min<3

2. Gode vener

3. Mamma, pappa, bror og syster

4. Mitt nye Green Gate-servise

5. Å lage mat og høyre på musikk på kjøkenet

6. At det ser ut som om eg klarar å fullføre praksisen! Berre to veker igjen:)

7. Når eg klarar å få ei plante til å leve i meir enn ein time

8. Å ete sjokolade mens eg ser på OL

9. Å le så høgt og mykje at dei rundt meg blir nervøse for at eg ikkje får puste (nesten-hyperventilering forekommer nemleg når eg får latterkrampe)

10. Mimring med mine kjære, og forventningsfulle samtalar om framtida

Dei flotte bloggane (og dei koselege bloggedamene bak) eg vil gi begge awardane vidare til denne gongen er:

- Det lille ekstra

- Jannes lille sted

- Min vinterverden

- Huset med det rare i

De er alle så skjønne damer som eg set utruleg stor pris på, og de fortener verkeleg alle awardar de kan få, alle som ein:) Takk for at de er dei de er!

Ha ei fantastisk helg alle saman!

Klem frå Anne<3

Green Gate-bursdagsgåve!

I tidleg bursdagspresang har eg fått mange delar i nydelege Claire Multi frå Green Gate av min kjære! Verken han eller eg klarte å vente til 14. mars, og det høyrer med til historia at han allereie har fått mobiltelefon til bursdagen 7. april;)

Sidan både Mariusen min og eg har fridag i dag, hadde me tid til å nyte ein deilig frukost med nybakte bollar med brunost på nye Green Gate-fat. Posen til høgre bestilte eg frå Alvens kreative hjørne sin butikk på Epla, og den er så praktisk til å servere rundstykker og bollar i.

0027

Mine aller fyrste Green Gate-saker er endeleg i hus, og det i det vakre mønsteret som eg har ynskja meg så lenge. Claire Multi er så sommarleg og skjønt, og no har eg plutseleg 12 fat og 12 kaffikoppar med skåler:) Tallerkane kom i posten frå snille Nina i forrige veke og eg er totalt forelska (heilt nyforelska i Green Gate, og enda meir forelska i min snille sambuar).

0016

Kaffikoppane står heime hos mamma og pappa fordi me ikkje har plass i leilegheita, og eg gler meg sånn til å opne pakken frå Låvebutikken neste gong eg er heime på Stord! Skjønne Christina gav meg til og med ei skål på kjøpet. Tusen takk til alle flotte bloggdamer som yter super service, og den største takken til min kjære for verdas beste bursdagsgåve!

0038

Slik ser det ut på stovebordet vårt i dag med ein ny og vakker “plettar i lufta” som eg fekk av mamma i helga. I dag skal eg berre slappe av på sofaen med ein bloggrunde, interiørbøker og sjølvsagt OL i kveldinga. Eg berre elskar onsdagar!

Ha ein herleg onsdag alle saman!

Klem frå Anne<3

Award og to utfordringar.

Med ein hektisk jobb i TV2 sin nettdesk (som for øvrig skryt av å vere Noreg sin travlaste desk, noko eg syns er ein forferdeleg rar ting å vere stolt av;)) har eg lite overskot til blogging for tida. Eg publiserer opptil fire saker til dagen på TV2nyhetene.no for tida, og når eg kjem heim om dagane går lufta rett og slett heilt utav meg. Berre tre veker igjen av praksisen no, og eg har planar om å komme sterkt tilbake når det gjeld blogginga når eg skal slappe kraftig av etter fullført TV2-jobb:)

For lenge lenge sidan fekk eg ein award med tilhøyrande utfordring frå skjønne Pink Lady. Tusen takk, søte deg! Du veit eg set utruleg stor pris på deg og bloggen din:)

award2

Utfordringa går ut på å fortelle sju ting de ikkje visste om meg. Her kjem altså meir eller mindre interessante fun facts om Anne:

1. Eg elskar å sjå vintersport på tv, og har levd i eitt OL-vakum med abstinensar i minst ein månad no. Endeleg er OL i gong og eg planlegger å sitje klistra til skjermen etter jobb i dei neste to vekene. For ein gongs skuld er eg supernøgd med den stygge 42-tommars tven vår;)

2. Eg er ein veldig rastlaus person som kjedar meg fort og har i ein alder av 21 år hatt utruleg mange forskjellige jobbar. Eg nemnar i fleng: ferskvaremedarbeidar på Coop Mega, postbud, resepsjonist på sjukehus, assistent på ein barneskule, assistent i barnehage, kyrkjegardsarbeidar og så vidare. Bra eg har valt journalistyrket kor ingen dag er lik den forrige.

3. Eg er naturleg mørk blond, men lurer alle med mitt farga mørkebrune hår.

4. Min kjære og eg trivs godt i Bergen, men har planar om å flytte til Trondheim for vidare studier til hausten. Eg har aldri vore i Trondheim så det blir veldig spanande!:)

5. Eg elskar å lage mat og å bake, og eg har ein 5-vekers meny hengande på kjøleskapet.

6. Eg kjøper interiør som om eg har eitt stort hus, men byrjer å merke at eg berre har ei leilegheit på 60 kvadratmeter.

7.Eg smattar i søvne, og Mariusen min klarar ikkje å sovne før han har høyrt denne smattinga. Eg prisar meg lukkeleg så lenge han syns det er søtt og sjarmerande og erkjenner at dagen kjem til å komme når han ikkje set like stor pris på uvanen lenger.

Den andre utfordringa har eg fått frå herlege Laila Johanne i Min Vinterverden som er Stordjente som meg (også denne kom for lenge lenge sidan), og går ut på å skrive ein liten historie med eit sitat. Mitt sitat kom i dag:

Mi 11 år gamle veslesyster (som me er så heldige å ha på besøk i helga) er utruleg oppteken av rettferd og ho eig nok litt meir empati enn det som er godt for ho. Skjønne Hilde blei så opprørt då ho såg Siv Jensen snakke om islamisering av Noreg på nyheitene i kveld og ho var sterkt ueinig i Frp-dronninga sine utspel. Ho stilte seg dermed opp på stovegolvet og sa så fint:

” No skal eg ta gitaren og så skal eg skrive ein song. Og den skal handle om ytringsfrihet!”

Eg er så stolt over den snille systera mi!:)

Utfordringane vil eg gi vidare til alle som vil ta imot og awarden vil eg gi til dei flotte bloggane rundt omkring. Eg set pris på alle som ein:)

PS! Eg har fått verdas finaste bursdagspresang på førehand av min kjære. Mange delar i Green Gate sin serie Claire Multi kom i posten til meg i dag! Tusen takk til verdas beste kjærast, som har sett at eg har gått og sikla på dette mønsteret heilt sidan me blei saman! Eg skal vise dykk bilete av herlegheita snart:) No skal eg sjå meir OL!

Ha ei fin-fin helg, mine gode!

Klem frå Anne<3

Detaljar frå soverommet.

På soverommet vårt står eit bord som blir så fint med litt pynt. Eg elskar å dille med å skifte ut pynten her (og alle andra stader i leilegheita for den saks skuld), og nett no ser det slik ut:

0026

Den fantastiske ramma bakerst, kjøpte eg på den nye bruktbutikken rett over gata for der me bur! Dei har så mange fine kupp, og i går kom eg ut med fleire vakre urner, ein nyyydeleg femarma lysestake i sølv som er akkurat passe slitt. I tillegg fekk eg ein madonnafigur i porselen til 30 kroner! Det beste med butikken er at nesten ingen veit om den, slik at eg slepp å bruke albuane på Fretex for å få tak i varer som er cirka halvparten så fine som på denne nye butikken.

00410

Ein hjarteranke skapar romantikk på soverommet. Dei er så flotte desse plantene, og eg har fylt på med slike i heimen etter jul. No er eg på jakt etter “plettar i lufta”, men utanom enorme kjegleforma versjonar til 600 kroner, har eg ikkje funne slike på blomsterbutikkane i Bergen. Viss nokon har tips til kor eg kan få tak i “plettar i lufta”, så hadde eg blitt svært takknemleg:)

0057

Frå og med i går så har eg fått fast plass på TV2 sin nettdesk, til praksisperioden er over. Det tyder at eg skriv artiklar for TV2nyhetene.no, og eg er godt i gang med produksjonen. Den fyrste artikkelen eg publiserte handla faktisk om Viagra, så no kan ein finne namnet mitt når ein søker på viagra på nettet. Er det ikkje flott?;) Eg kosar meg i alle fall veldig der eg har hamna no, for det er skriving eg vil gjere som journalist. Samtidig slepp eg å springe rundt med kamera, og kan hende blir eg litt mindre sliten:)

0037

Helga skal nytast saman med min kjære. Me skal berre slappe av, og ikkje minst sove lenge. Det blir langt mellom innlegga for tida, men eg håpar å kome sterkare tilbake, i alle fall etter praksisen:)

Håpar at de får ei flott helg!

Klem frå Anne<3